Vil du synge med oss?

Synge i Ad Cantus? No har du sjansen!

Ad Cantus hausten 2019

Vi i Ad Cantus er glade for at det ser ut til at vi no kan få begynne å synge saman igjen! Koråret som har gått har vore prega av utsetjingar, avlysningar og digital kontakt, og vi fekk ein utriveleg lang sommarferie i år. Songarane i koret vårt kjem frå kommunar i heile Gudbrandsdalen, og no ser vi fram til å samlast i Ringebu igjen for å starte koråret 2021/2022.

Fjorårets plakat, til konserten som måtte utsetjast til i år.

Ei hending vi gler oss veldig til, er julekonserten saman med Iver Kleive den 10. desember i Lillehammer kirke. Denne konserten skulle eigentleg vore i desember 2020, Som så mykje anna, måtte han avlysast – men det blei til ei utsetjing. Heldigvis ville Iver Kleive gjerne kome i år i staden!

Konserten er basert på Kleive si utgjeving Hyrdenes tilbedelse (2004), og vi gler oss til å bli akkompagnerte på flygel av denne kapasiteten i norsk musikkliv. Ad Cantus har samarbeidd med Kleive fleire gonger tidlegare, når vi har framført hans Requiem rundt i Noreg og ved eit par høve også andre stader i Europa. Vi er heilt sikre på at dette blir ei fin oppleving både for oss i koret og for publikum.

Vi vil gjerne dele denne gleda med fleire songarar! Vi har plass til nye songarar i alle stemmegrupper, og mest ledig er det i herrene sine rekker. Derfor vil vi gjerne invitere interesserte songarar til ein prat og trall med dirigent Åshild Haugstad, der ho vurderer om vi passar for kvarandre. Vi treng at du er glad i å synge og har noko kor-erfaring, at du klarer å øve på eigahand heime mellom øvingane, og at du kan setje av ca. ein laurdag pr månad til øving.

Bildet er frå oppstarten koronahausten 2020, med god avstand i Kaupanger, Ringebu, og nokre songarar på Facetime (sjå pc på stolen). Vi gler oss til det vi håpar blir meir normale tilstander i komande sesong!

Hvis du har lyst til å synge med Kleive, men er usikker på om det passar for deg å synge fast med oss, kan du vere med på julekonserten, og så bestemme deg etterpå for om du vil vere med vidare.

Og har du lyst til å synge mykje, kan Åshild også fortelje om eit anna prosjekt som vi har i haust, med urframføring av eit spennande verk i november.

Åshild får du tak i her: aashildalette@hotmail.com, tlf. 975 32 422

Vi startar øvingae i august, men ta gjerne kontakt med Åshild allerede no!

Liker du dette? Del med andre: