Ljósi Miklu – Hundorp 2021

Det har blitt august, og endeleg er det offisielt:
Vi skal vere med og framføre tingingsverket Ljósi Miklu, skriven av Ida Rønshaugen for Hundorp 2021. Urframføringa skjer i Sør-Fron kyrkje den 14. november.

Det er forklaringa på at koristar frå Ad Cantus kan ha blitt observert mumlande på merkelege ord og fraser gjennom sommaren – vi skal synge på norrønt! Det er nemleg sjølvaste Snorre Sturlasson som har skrive teksten.

Vi har øvd kvar for oss nokre veker no, men snart startar vi å øve saman, så vi skal vere klare til november. Vi gler oss veldig!

Og er du songar, og tenkjer det kunne vore spennande å vere med på dette, kan du ta kontakt med dirigent Åshild og avtale prøvesong. Vi har plass til fleire også til dette prosjektet, som til konserten med Iver Kleive i desember. Sjå meir info her.

Sjå Hundorp 2021 si side for meir informasjon om verket. Har du abonnement på GD, kan du og lese om korleis komponist Ida og dirigent Åshild har jobba saman for at vi skal ha eit spennande, fint og ganske spesielt verk å gi til publikum når jubileumsåret går mot slutten.

Skjermdump frå GD. Heile artikkelen får du viss du opnar lenka under.

https://www.gd.no/tusenarsfesten-er-ikke-over-na-har-disse-to-spennende-planer/s/5-18-1393044

Liker du dette? Del med andre: