10års jubileum

Ad Cantus feira sitt 10-årsjubileum med konserten Draumen i Nordre Ål kyrkje på Lillehammer søndag 3. juni.

Søndag 9. september kl. 18.00 i Hamar i Hedmarksmuseets vakre aula på Domkyrkjeodden er det eit nytt høve til å få med seg konserten.

Programmet spenner vidt og balanserer i møtepunktet mellom klassisk tradisjon, folkemusikk og samtidsmusikk, og det er den tekstlege tematikken som bind programmet saman.
Hovudverket på konserten er bestillingsverket Draumen; ei suite for blanda kor og hardingfele av Henrik Ødegaard komponert til 5 dikt av Olav H. Hauge. Ødegaard skriv tekstnært, vakkert og spennande, og vi gler oss stort til å kunne formidle denne musikken til publikum for aller fyrste gong.
Vi er svært glade for å kunne gjera dette i samspel med Sivert Andreas Holmen; ung, prisbelønt spelemann frå Valdres.
Dirigent er Åshild Alette Haugstad.

https://www.facebook.com/events/225158248196775/

Du og dine er hjarteleg velkomne!

 

Liker du dette? Del med andre: