Klare for å møte folk att!

No har vi jobba mykje og godt gjennom hausten, og vi er snart klare til å vise kva vi har brukt tida på. Ikkje mindre enn to konsertar ventar dei neste vekene, den første allereie søndag 14. november i Sør-Fron kyrkje.

Då urframfører vi verket Ljosi Miklu, komponert av Ida Rønshaugen og med tekst fra Heimskringla. Dette er som del av tusenårsmarkeringa Hundorp 2021, og verket handlar om lokale hendingar for 1000 år sidan.

Her er ein liten snik-kikk frå ei øving:

Klikk på bildet!

Vi har òg førebudd jula så smått, og når konserten i Sør-Fron kyrkje den 14. november er ferdig, rettar vi merksemda framover til fredag 10. desember. Då byr vi på konserten som vart utsett frå i fjor, nemleg Hyrdenes tilbedelse saman med Iver Kleive.

Konserten bygger på Iver Kleive si juleplate med same namn, gitt ut i 2004. Plata består i sin heilskap av improvisasjonar og meditasjonar over julemelodiar, og innspelinga blei til i løpet av to einsame novembernetter ved flygelet i Kulturkirken Jakob.

Kleive vil dele sine vakre versjonar av dei tradisjonelle julesalmane med oss. Ad Cantus vil synge fleire av Kleive sine eigne korarrangement saman med han, og vil også framføre noko julemusikk a capella. Vi ønsker å ta publikum med inn i eit fredfullt musikalsk rom der vi kan finne ro og glede saman.

Denne konserten er i Lillehammer kyrkje klokka 21 om kvelden, og vi trur det kan bli ei roleg og fin avslutning på ein sikkert travel førjulsfredag! Billettar til konserten kan kjøpast på GD-billett, og er det nokre att på konsertdagen, kan ein kjøpe i døra.

Vi gler oss til dei neste vekene, det skal bli kjekt å få synge for publikum att!

Liker du dette? Del med andre: