Julekonserten vår er utsett eitt år!

Koronasituasjonen gjer at vi ikkje kan gjennomføre konserten vi skulle ha med Iver Kleive i Lillehammer kirke den 18. desember. Dermed skulle 2020 bli det første året Ad Cantus ikkje har hatt eigne konsertar.

Så no ser vi framover, både kort og langt. Vi har planlagt ein eigen vårkonsert, vi skal vere med på andre prosjekt, og vi er alt i gang med å planleggje neste års julekonsert – som vi satsar på skal ha same tittel, same aktørar og same program som den vi må avlyse no.

Vi ønsker alle ei riktig god jul, og gler oss til å møtast i 2021!

Liker du dette? Del med andre: