Dirigent Åshild Alette Haugstad

Åshild svart-kvitt

Åshild Alette Haugstad (Dirigent)

Åshild Alette Haugstad er utdanna klaverpedagog frå Barratt-Dues musikkinstitutt (1989) med vidareutdanning i utøvande fag (1990). Ho har seinare studert korleiing med Tomas Caplin (Hamar 1992), Ragnar Rasmussen (Tromsø 2004-05) og Tone Bianca Dahl (NMH 2013-14). Ho har delteke på kurs og mesterklasser med m.a. Magnar Mangersnes, prof. Grete Pedersen, Stefan Sköld, prof. Ragnar Rasmussen, prof. Anders Eby og Jens Johansen.

Åshild Alette Haugstad har arbeidd som kordirigent i Gudbrandsdalen sidan 1989. I tillegg til å vera fast dirigent for regionkoret Ad Cantus og Ringebukoret Vox Vaala har ho sin daglege arbeidsplass ved musikklina ved Vinstra vidaregåande skule. Der arbeider ho m.a. som korleiar og lærar i ensembleleiing. Haugstad var engasjert som kormeister ved Lillehammer symfoniorkester, Opera Lillehammer og Vingrom sangkor si oppsetting av Haydns «Skapelsen» på Lillehammer i 2013, og ho har ellers initiert og gjennomført fleire store korprosjekt i regionen; seinast ei oppsetting av Mozarts «Requiem» med lokalt prosjektkor og profesjonelle solistar og musikarar i mars 2015.