Ad Cantus gler seg til å samarbeide med Iver Kleive i desember 2020.
Denne våren 2020 er ei spesiell tid, også for oss som syng i Ad Cantus.
Vi skulle hatt konsert 8. mars, men den måtte avlysast på grunn av sjukdom. Så stengte Noreg ned, og vi – som alle andre – måtte tenke alternativt.
Og vi set oss ikkje ned og ventar! Vi har planane klare for hausten, og gler oss til eit nytt samarbeid med Iver Kleive i det vi er sikre på blir ein vakker julekonsert.
Ad Cantus har samarbeidd med Iver Kleive fleire gongar tidlegare, og mange av oss skulle òg ha vore med og framført hans mektige Requiem i Århus no i mai. No blir det ikkje noko av på grunn av koronarestriksjonane, men vi ser fram til nytt samarbeid med Kleive når det går mot jul.
På konserten vår den 18. desember i Nordre Ål kirke får publikum høyre Iver Kleive sin «Hyrdenes tilbedelse». Konserten byr på Kleive solo med meditasjonar over kjente julesalmar, Ad Cantus syng a capella, og det blir julemusikk med Iver Kleive og Ad Cantus i samspel.
Vi førebur oss på dei måtane vi kan om dagen, og medan dagane er lange og lyse og utetemperaturen stig, syng vi julesongar kvar for oss, vi syng digitalt saman, og vi gler oss veldig til å presentere dette programmet i desember!
På planen vår sto konsert i Dombås kyrkje den 8. mars. Som kjend blei kyrkja mykje skada i ein tragisk brann natt til torsdag 20. februar.
Vi har derfor flytta konserten til Lesja kyrkje. Same dato, 8. mars, og same tid, klokka 18.00. Solistane er dei same: Sopranen Ingeborg Dalheim og organisten Paul Wilmot, og vi framfører det planlagde programmet under leiing av dirigent Åshild Alette Haugstad.
Ad Cantus inviterer til konsert i Sør-Fron kyrkje laurdag
16. og Lillehammer kirke søndag 17. november. Programmet tek utgangspunkt i
musikk av dei store tyske komponistane Johannes Brahms (1833-1897) og Felix Mendelssohn
(1809-1847). Vi syng også nyare musikk av komponistane John Tavener, Egil
Hovland, Ola Gjeilo og Trond Kverno. Desse stykka er alle skrivne i løpet av eit tidsspenn på 25 år; i tida frå
1976 til 2001. Konserten sitt hovudverk er den vakre «Hear my prayer»
for sopran solo, kor og orgel.
Tekstane formulerer sterk tru, lovprising og inderleg bøn.
«Som en hjort skriker etter rennende bekker, slik
skriker min sjel etter deg».
Fleire av tekstane er henta frå Salmane, som Salme 42: «Wie derHirsch schreit» (Mendelssohn). Av andre tekster kan vi nemne William Blake sitt nydelege dikt The lamb frå 1789, tonesett av John Tavener i 1982. Diktet formulerer ei naiv og enkel gudstru lagt i munnen på eit lite barn. Tekstgrunnlaget i Egil Hovlands sterke Bli hos oss er henta frå forteljinga om Jona i hvalfiskens buk, og Ola Gjeilo har i verket Unicornis captivatur latt seg inspirere av eit latinsk dikt henta frå Engelberg-kodeksen; eit musikk-manuskript frå Benediktiner-klosteret i Engelberg, Sveits. (sein-middelalder) Dette er ein leikande og fargerik tekst med kraftfull symbolikk som skildrar evangeliet ved hjelp av uvante og frodige bilde, mange henta frå gresk mytologi.
Ingeborg Dalheim er vår sopransolist, og Paul Wilmot er orgelsolist og akkompagnatør.
Solistane våre:
Ingeborg Dalheim har vore medlem av det franske ensemblet Les Arts Florissant sidan 2004. Ho studerte ved Musikkhøgskolen i Oslo og har gjort barokkmusikken til ein av sine spesialitetar. Ho opptrer jamleg med det sveitsiske orkesteret Hespèrion XXI og har vore medlem av Det Norske Solistkor sidan 2007. Ingeborg Dalheim underviser i sang ved musikklinja på Vinstra vidaregåande skule.
Paul Wilmot er utdanna ved University College, Oxford, der han var organiststipendiat og studerte orgel med konsertorganisten professor David Sanger. I 2007 flytta han til Mauritius. Der var han fyrst musikklektor i piano og orgel ved Le Conservatoire National de Musique Francois Mitterrand og seinare repetitør og redaktør for Opera Mauritius. I august 2011 vart han tilsett som kantor på Vega i Nordland. Han begynte i si nåverande stilling i Nordre og Søre Ål Lillehammer, mai 2017. I løpet av dei siste åra har han samarbeidd med m.a. BBC Singers og Trondheimsolistene, og han har hatt solo orgelkonsertar i m.a. Oslo og Kristiansand domkyrkjer, Sofienberg, Lillehammer, Gjøvik, Stange og Sør-Fron kyrkjer.
No er det berre dagar att til vi står på scena i Vågå saman med alle dei andre som skal få vere med på å framføre «Han var hoga heim».
Sist helg hadde vi øving med komponist Vegar Vårdal, og Torunn Elise Kveen, som vi skal framføre ein av satsane saman med. Det var spennande å ta arbeidet vårt eit steg vidare, og no gler vi oss til å få framføre heile dette verket saman med veldig mange andre aktørar!
Torunn Elise Kveen
På Facebooksida til Landskappleiken står dette om Vegar Vårdal sitt verk:
Vågåkvelden 2019 er et bestillingsverk, en blanding av lokal
tradisjon og nyskrevet musikk. Bestillingen har vært å lage en time med
god musikk, forankret i lokal tradisjon, for ulike ensembler og
solister. Det skal være både vakkert å høre på og utfordre musikklivet i
dalen.
Komponist og musikalsk leder er Vegar Vårdal. Etter
først å ha laget en ramme, bestemt ideen og utøvere, begynte selve
komponeringsarbeidet for alvor i julen. I tillegg til eventyret som
ramme, har han brukt sanger av Edvard
Storm og slåttemateriale som O. M. Sandvik samlet og ga ut for 100 år
siden som utgangspunkt. Og om du må vente til den 28. juni for å høre
musikken, så kan du få litt fakta så lenge:
Det er: 8 nye komposisjoner, og 9 tradisjonelle i nye arrangement 4 sanger etter Edvard Storm, en av Welhaven 7 slåtter hentet fra O. M. Sandvik 2 springleiker, en spilles som en klassisk-inspirert melovitt og en i tradisjonelt tostemt samspill 3 runddanser, 1 marsj og 2 hallinger 8 instrumentalnummer og 7 med sang tilsammen 15 musikk-stykker å glede seg til!
Meir info om dette og andre arrangement under årets Landskappleik finn du her!