Ad Cantus ser framover!

Hyrdenes tilbedelse Iver Kleive
Ad Cantus gler seg til å samarbeide med Iver Kleive i desember 2020.

Denne våren 2020 er ei spesiell tid, også for oss som syng i Ad Cantus.

Vi skulle hatt konsert 8. mars, men den måtte avlysast på grunn av sjukdom. Så stengte Noreg ned, og vi – som alle andre – måtte tenke alternativt.

Og vi set oss ikkje ned og ventar! Vi har planane klare for hausten, og gler oss til eit nytt samarbeid med Iver Kleive i det vi er sikre på blir ein vakker julekonsert.

Ad Cantus har samarbeidd med Iver Kleive fleire gongar tidlegare, og mange av oss skulle òg ha vore med og framført hans mektige Requiem i Århus no i mai. No blir det ikkje noko av på grunn av koronarestriksjonane, men vi ser fram til nytt samarbeid med Kleive når det går mot jul.

På konserten vår den 18. desember i Nordre Ål kirke får publikum høyre Iver Kleive sin «Hyrdenes tilbedelse». Konserten byr på Kleive solo med meditasjonar over kjente julesalmar, Ad Cantus syng a capella, og det blir julemusikk med Iver Kleive og Ad Cantus i samspel.

Vi førebur oss på dei måtane vi kan om dagen, og medan dagane er lange og lyse og utetemperaturen stig, syng vi julesongar kvar for oss, vi syng digitalt saman, og vi gler oss veldig til å presentere dette programmet i desember!

Liker du dette? Del med andre: