God jul!

I dag er dagen då vi skulle hatt julekonserten vår saman med Iver Kleive i Lillehammer kyrkje. Som situasjonen i regionen vår er no, ser vi at det var eit riktig val å utsette konserten til neste jul. No gjeld det at vi alle passar på oss sjølve og kvarandre, held avstand, vasker hender og alt det vi har blitt så gode til gjennom dette merkelege året 2020.

Julehelsinga vår er Iver Kleive som speler «Hyrdenes tilbedelse» – tittelen på konserten som ikkje vart i år. Vi i Ad Cantus ønsker alle ei god og fredeleg jul, og eit godt 2021. Vi gler oss til å møtast att!

Liker du dette? Del med andre: