Haustkonsert: Hear My Prayer

Ad Cantus inviterer til konsert i Sør-Fron kyrkje laurdag 16. og Lillehammer kirke søndag 17. november. Programmet tek utgangspunkt i musikk av dei store tyske komponistane Johannes Brahms (1833-1897) og Felix Mendelssohn (1809-1847). Vi syng også nyare musikk av komponistane John Tavener, Egil Hovland, Ola Gjeilo og Trond Kverno. Desse stykka er alle skrivne  i løpet av eit tidsspenn på 25 år; i tida frå 1976 til 2001. Konserten sitt hovudverk er den vakre «Hear my prayer» for sopran solo, kor og orgel.

Tekstane formulerer sterk tru, lovprising og inderleg bøn.

«Som en hjort skriker etter rennende bekker, slik skriker min sjel etter deg».

Fleire av tekstane er henta frå Salmane, som Salme 42: «Wie der Hirsch schreit» (Mendelssohn). Av andre tekster kan vi nemne William Blake sitt nydelege dikt The lamb frå 1789, tonesett av John Tavener i 1982. Diktet formulerer ei naiv og enkel gudstru lagt i munnen på eit lite barn. Tekstgrunnlaget i Egil Hovlands sterke Bli hos oss er henta frå forteljinga om Jona i hvalfiskens buk, og  Ola Gjeilo har i verket Unicornis captivatur latt seg inspirere av eit latinsk dikt henta frå Engelberg-kodeksen; eit musikk-manuskript frå Benediktiner-klosteret i Engelberg, Sveits. (sein-middelalder) Dette er ein leikande og fargerik tekst med kraftfull symbolikk som skildrar  evangeliet ved hjelp av uvante og frodige bilde, mange henta frå gresk mytologi.

Ingeborg Dalheim er vår sopransolist, og Paul Wilmot er orgelsolist og akkompagnatør.

Solistane våre:

Ingeborg Dalheim har vore medlem av det franske ensemblet Les Arts Florissant sidan 2004. Ho studerte ved Musikkhøgskolen i Oslo og har gjort barokkmusikken til ein av sine spesialitetar. Ho opptrer jamleg med det sveitsiske orkesteret Hespèrion XXI og har vore medlem av Det Norske Solistkor sidan 2007. Ingeborg Dalheim underviser i sang ved musikklinja på Vinstra vidaregåande skule.

Paul Wilmot er utdanna ved University College, Oxford, der han var organiststipendiat og studerte  orgel med konsertorganisten professor David Sanger. I 2007 flytta han til Mauritius. Der var han fyrst musikklektor i piano og orgel ved Le Conservatoire National de Musique Francois Mitterrand og seinare repetitør og redaktør for Opera Mauritius. I august 2011 vart han tilsett som kantor på Vega i Nordland. Han begynte i si nåverande stilling i Nordre og Søre Ål Lillehammer, mai 2017. I løpet av dei siste åra har han samarbeidd med m.a. BBC Singers og Trondheimsolistene, og han har hatt solo orgelkonsertar i m.a. Oslo og Kristiansand domkyrkjer, Sofienberg, Lillehammer, Gjøvik, Stange og Sør-Fron kyrkjer.

Liker du dette? Del med andre: